Vilkår og betingelsar

 Ved leige av eller kjøp av tenester levert av føretak Eva Aga Baas gjeld vilkåra som er definerte herunder.

Kjøpar er: Den person som er oppgitt som kjøpar i bestillinga, og blir i det følgjande nevnt du, deg (og tilsvarande vert betegnelsar som din eller ditt nytta ).

  • Leigetakar/tenesteytar/kjøpar pliktar å være minimum 23 år ved inngåing av avtale
  • Bestillar/kunde er kjent med at vilkår og betingelsar kan endre seg over tid og pliktar å gjera seg kjent med desse før opphald.
  • Utleigesum blir reservert ved bestilling, og trekt når bestilling er godkjent. Ved ikkje godkjent bestilling blir pengar reservert/ låst opp av leverandør.

§1. Hytter

§1.1 Innsjekk og utsjekk

  • Innsjekking skjer frå kl 16.
  • E-post med kode til kodelås blir sendt på din registrerte e-post 2-3 dagar før ankomst.
  • Utsjekk skjer fram til kl 12 på avreisedag.

§1.2 Utvask

  • Utvask skal skje før utsjekk. Du som kunde må tinga utvask sjøl ved bestilling, og /eller ta kontakt ved ønskje om dette.
  • Ved leige av 1 natt MÅ du som gjest ta utvask sjøl.
  • Brot på ovannemde kan resultera i faktura.

§1.3 Andre tenester

  • Ved leige og eller kjøp av andre tenester utover hytter, kan dette avtalast på staden.

§1.4 Skader og hærverk.

  • Ved førekomst av skadar og eller hærverk, vil det bli gjort ei evaluering av kostnad som blir send via registrert e-post, og eventuelt i brevform til deg som er bestiller av tenesta i perioden skade/hærverk oppstod.

 §2. Kansellering og refundering.

  • Ved kansellering 14 dagar før ankomst vert heile beløpet refundert.
  • Kunde/kjøpar tek kontakt med utleigar på e-post: eagabaas@hotmail.com.
  • Utleigar pliktar å svare på henvendelse seinast 5 dagar etter motteken e-post.  Refundering vil skje så snart som råd.

Angrerett

Det er ikkje angrerett på denne typen tenester. Reglar for booking er gjeldande, sjå §2. avbestilling.

Prisar

Alle prisar er inkludert meirverdiavgift. Totalkostnaden for kjøpet vil framkome før fullføring av ei bestilling og inkludere alle utgifter forbunde med kjøpet. 

Betaling

Kjøpesummen kan etter utsjekk gjerast opp gjennom Vipps eller XXXXX

Personvern

Retningslinjer for personvern

Ved å akseptere våre salgsbetingelsar, gjev du også ditt samtykke til å oppbevare og behandle dine personopplysningar. https://agafjordhytter.no/personvern-2/ 

Tvistar og lovvalg

Dersom du ønskjer å klage over ei vare eller teneste kjøpt hos oss, kan du inngje klage til Forbrukarrådet eller via EU si nettplattform for tvisteløysing (ODR-portalen). Forbrukarrådet er eit statleg forvaltningsorgan som rettleier forbrukarar og meklar i tvist mellom forbrukar og næringsdrivande.

https://www.forbrukerradet.no/

https://ec.europa.eu/consumers/odr/main/index.cfm?event=main.home2.show&lng=NO

Mangel ved vara – kjøparen sine rettar og reklamasjonsfrist

Dersom det foreligg ein mangel ved vara, må kjøpar innan rimeleg tid etter at den vart oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gje seljar melding om at han eller ho vil påberope seg mangelen. Kjøpar har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 mnd. frå mangelen vart oppdaga eller burde blitt oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøpar overtok vara. Dersom vara eller deler av den er meint å vare vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.

Dersom vara har ein mangel og dette ikke skuldast kjøparen eller tilhøve på kjøparen si side, kan kjøparen ifylgje reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 6, etter omstenda «holde kjøpesummen tilbake», velge mellom «retting og omlevering», kreve «prisavslag», kreve avtala heva og/eller krevje «erstatning»  frå seljaren.

Reklamasjon til seljaren bør skje skriftleg. Sendes til : eagabaas@hotmail.com

Les meir

Konfliktløysing

Klager skal rettast til seljar innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal forsøkje å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg  på  telefon 23  400  500  eller www.forbrukerradet.no.

Europa-Kommisjonens klageportal kan også brukast dersom du ønskjer å inngje ei klage. Det er særleg relevant, dersom du er forbrukar busett i eit anna EU-land. Klagen inngis her: http://ec.europa.eu/odr.

Sist oppdatert: 19.02.2022