Praktisk informasjon
Det du treng å vite for å planleggje opphaldet på Aga.
Korleis bestiller eg?
Vel sjøhus, datoar og tal på gjester i kalenderen. Gå vidare, fyll inn kontaktinformasjonen din og send førespurnaden. Eva stadfestar opphaldet på e-post før du betaler med kort eller Vipps via betalingslenka.
Når kan me sjekke inn og ut?
Innsjekk er frå klokka 16.00. Utsjekk er seinast klokka 12.00 på avreisedagen. Praktisk informasjon om ankomst blir sendt før opphaldet.
Er sengeklede og handklede inkludert?
Du kan leige sengeklede og handklede, eller ta med sjølv. Gje beskjed ved bestilling dersom du ønskjer å leige.
Korleis er det med utvask?
Utvask kan avtalast før ankomst. Ved leige av éi natt må du ta utvask sjølv. Sjå vilkåra for opphaldet.
Er det parkering og lading?
Det er parkering like ved husa. Me har ikkje ladar til elbil.
Kan me ta med kjæledyr?
Kjæledyr er ikkje tillatne. Begge sjøhusa er røykfrie.
Er det Wi-Fi?
Wi-Fi er tilgjengeleg mot tillegg. Avtal bruk og pris med oss ved bestilling.
Kva om me må endre eller avbestille?
Ta kontakt på e-post. Sjå vilkår og betingelsar for avbestilling og andre forhold som gjeld opphaldet.

På vestsida av Sørfjorden.
Aga ligg mellom Utne og Odda, langs fylkesveg 550. Ta av mot Agatunet. Sjøhusa ligg nede ved fjorden, med parkering like ved.
Aga 107 · 5776 Nå · Hardanger
Opne kartVelkomen til Aga.
Fortel oss når du vil kome, og kor mange de er. Me hjelper deg å finne eit opphald som passar.