Hopp til innhaldet
Aga fjordhytterHardanger · Noreg
Hyttene / Naust
Eit sjøhus frå ca. 1840

Naust

Plass til familie eller vener i eit restaurert naust. To soverom og ein sovehems, godt utstyrt kjøken og felles opphaldsrom ved fjorden.

Inntil seks gjester60 m²Eige kjøken og badUteplass ved fjorden
Inne og ute

Rom til å vere her.

Eitt soverom med to enkeltsenger, eitt med køyeseng og ein hems med to enkeltsenger.

Det er trapp opp til hemsen. Ta kontakt før bestilling om du har spørsmål om tilkomst.

  • Eige kjøken
  • Oppvaskmaskin
  • Steikjeomn og mikrobølgjeomn
  • Dusj og toalett
  • Varmekablar på badet
  • TV
  • Uteplass
  • Parkering ved husa

Godt å vite

Sengeklede, handklede og Wi-Fi kan avtalast mot tillegg. Utvask må avtalast før ankomst. Ved leige av éi natt tek gjesten utvask sjølv.

Oppgitt døgnpris gjeld inntil fire personar. Ekstra gjester gir eit tillegg. Me stadfestar totalprisen saman med førespurnaden.

Felles vaskerom med vaskemaskin, tørketrommel og fryseboks ligg i underetasjen på Naust.

Innsjekk frå kl. 16.00 · Utsjekk seinast kl. 12.00

Røykfritt · Ikkje kjæledyr · Ingen elbilladar

Praktisk informasjon · Vilkår for opphaldet
Naust